Rehabilitering
Rehabilitering handlar om meir enn berre oppussing – det er ei investering i bygget sin framtid.
Slitasje, gamle løysingar og manglande vedlikehald kan føra til problem som påverkar både estetikk, funksjonalitet, tryggleik og verdi.
Vi har lang erfaring med rehabiliteringsprosjekt, og tek på oss alt frå mindre oppgraderingar til totalfornying av bygningar. Vi sørgjer for at moderniseringa blir gjennomført på ein måte som respekterer bygget sitt opphavlege uttrykk, samstundes som vi oppgraderer det til dagens krav og standardar.
Dette kan omfatta etterisolering, utskifting av fasadar, forsterking av konstruksjonar og oppgradering av tekniske installasjonar. Vi arbeider tett saman med kundane våre for å finna dei beste løysingane - basert på behov, budsjett og bygget sin unike karakter.

Vår prosess frå start til slutt
Referanseprosjekter
Ta gjerne kontakt!
Eitrheim industriområde,Vorravegen 44
5750 Odda