Tilbake til tenester

Mur og flisarbeid

Mur- og flisarbeid handlar om meir enn berre utforming – det krev presisjon, erfaring og dei rette materiala for å skapa haldbare løysingar.

Vi har brei kompetanse innan mur- og flislegging, og tek på oss alt frå grunnmurar og fasadar til innvendige flisarbeid på bad, kjøkken og gangar.

Vi brukar kvalitetsmaterialar og moderne teknikkar for å sikra at arbeidet tåler norske vêrtilhøve og dagleg bruk. ENten det gjeld ein tradisjonell murfasade, ein skiferlagt inngang eller eit flislagt bad, legg vi vekt på detaljane og sørgjer for eit estetisk og varig resultat.

Vi tar òg på oss rehabilitering av eldre murkonstruksjonar, der me bevarer det opphavlege uttrykket samtidig som vi forsterkar bygget med moderne løysingar.

Mur og flisarbeid

Vår prosess frå start til slutt

Planlegging og materialvalg

Planlegging og materialvalg

Vi startar med å avklara kundens behov og ønskjer, og hjelper til med å velja riktige materialar og løysingar. Det blir tatt omsyn til både estetikk, bruksområde og haldbarheit.

Steg 1
Klargjering av underlaget

Klargjering av underlaget

For å få eit best mogleg resultat, sørgjer vi for at underlaget er stabilt, reint og klart for vidare arbeid. Dette kan inkludera grunnarbeid, fjerning av gamle overflater eller utjamning av ujamne flater.

Steg 2
Mur- eller flislegging

Mur- eller flislegging

Når underlaget er klart, startar sjølve mur- eller flislegginga. Vi utfører jobben med presisjon for å sikre rette linjer, jamne fuger og eit sluttresultat som både er estetisk og funksjonelt.

Steg 3
Etterbehandling og kvalitetssikring

Etterbehandling og kvalitetssikring

Til slutt sørgjer vi for at alt er korrekt utført, og overflatene er beskytta mot slitasje. Vi tar ein gjennomgang saman med kunden for å sikre at resultatet står til forventningane.

Steg 4
Takk! Me har fått meldinga di!
Oops! Noko gjekk galne :/