Tilbake til tenester

Geomatikk

Geomatikk er grunnsteinen i eit vellukka byggeprosjekt.

Med nøyaktige oppmålingar og kartlegging unngår ein feil som kan føra til store kostnader og forseinkingar. Vi nyttar moderne måleverktøy og programvare for å skapa digitale terrengmodellar, utføra stikking og sikra at alt blir bygd i tråd med prosjekterte planar.

Vi tilbyr komplette geomatikkløysingar til entreprenørar, byggherrar og offentlege aktørar. Vi har lang erfaring med oppmåling og stikking av vegar, bygg og infrastruktur. Ved hjelp av GPS-teknologi, totalstasjonar og 3D-skanning kan vi levera millimeterpresise data som sikrar effektiv og trygg gjennomføring av prosjektet.

Vårt mål er å gjera oppmåling og dokumentasjon enkelt for kundane våre. Difor tilpassar me tenestene etter behov - enten det gjeld prosjektering, anleggsgjennomføring eller ferdigkontroll av eit prosjekt.

Geomatikk

Vår prosess frå start til slutt

Kartlegging og datainnsamling

Kartlegging og datainnsamling

Før vi startar eit prosjekt, samlar vi inn nøyaktige terrengdata ved hjelp av moderne måleutstyr. Vi utfører landmåling, laserskanning og GPS-målingar for å skapa ein detaljert modell av området.

Steg 1
Prosjektering

Prosjektering

I prosjekteringsfasen omset vi planane til konkrete teikningar og tekniske løysingar. Vi jobbar tett med arkitektar, ingeniørar og andre fagfolk for å sikre at prosjektet oppfyller alle krav til funksjonalitet, tryggleik og kvalitet.

Steg 2
Kontrollmåling

Kontrollmåling

Undervegs i bygginga gjennomfører vi kontrollmålingar for å verifisera at arbeidet følgjer oppsette mål og toleransar. Dette minimerer risikoen for feil og sikrar kvalitet i sluttproduktet.

Steg 3
Ferdigstilling

Ferdigstilling

Ferdigstilling er siste fasen, der vi gjennomfører sluttkontroll, finpuss og kvalitetssikring av arbeidet. Vi sørgjer for at alle detaljar er på plass, testar tekniske installasjonar og overleverer eit ferdig prosjekt som møter alle krav og forventningar.

Steg 4

Referanseprosjekter

Sjå fleire
No items found.
Takk! Me har fått meldinga di!
Oops! Noko gjekk galne :/