Tilbake til prosjekter
Lofthus Torg får nytt liv
Til glede for både folk og funksjon
Vi jobbar no med eit omfattande prosjekt ved Lofthus torg i hjartet av Lofthus sentrum. Arbeidet omfattar grunn- og VA-arbeid, betongarbeid, opparbeiding av utomhusanlegg og gartnartenester. I tillegg arbeider vi med opparbeiding av uteområde Røyse, med mål om å skapa eit meir funksjonelt og attraktivt torg for både innbyggjarar og besøkjande.
Kontaktinfo
Lokasjon
Lofthus, Ullensvang


Ei oppgradering av Lofthus Torg
Arbeidet bidreg til å løfte sentrumsområdet, og legg til rette for eit trivelegare og meir tilgjengeleg uterom som kan brukast heile året – noko som styrkar Lofthus som ein attraktiv destinasjon for både lokalbefolkning og turistar.


